Frå nyttår vart det endring iekspressbussrutene mellom Nordfjord og Oslo. EttermiddagsrutaMåløy-Oslo og Oslo-Måløy vart lagt ned. Det vert dermed berre todaglege avgangar i kvar retning, ein dagbuss og ein nattbuss.

Samstundes vart det etabert ei ny rute Ulsteinvik-Stryn somkorresponderer med buss til/frå hovudstaden.

Og her kjem det nyheiterinn: Nattavgangane mellom Ulsteinvik og Oslo skal køyrast av dobbeltdekkararmed 64 sete, der halvparten av andre etasje har oppgradert komfortmed betre plass og berre tre sete i breidda. Avgangane i begge retningar skal køyrast av ein silk toetasjes buss.

To dobbeltdekkarar erno på veg for å bli sette inn på strekninga. Bussane står for augneblinken forklargjering i Drammen.

Deretter ventar opplæring for sjåførane påstrekninga, før bussane blir sette inn i trafikk.

-Dobbeltdekkarane er høgare enn vanlege bussar, vil dette skapeproblem i tunnelane på Strynefjellet?

- Dobbeltdekkarane er 4 m, sådei er litt høgare enn dei som går der no. Men det finst lastebilarsom er høgare som trafikkerer fjellet, og dobbeltdekkarane har voreprøvekøyrde på strekninga. Det er klart at når du møter bussar oglastebilar i desse tunnelane, så må du ned i liten fart uansett.Tunnelane er og blir trange, seier Svein Arne Vik.

- Kva med vind? Høgare bussar vert vel også meir utsette når det bles kraftig?

- Noer desse bussane litt kortare. Dei andre er 15 m, desse er littover 1 m kortare. Dermed blir det ikkje så store skilnaden når detgjelder vindflate, seier marknadssjefen.

- Når vert detdobbeltdekkar med ekstra plass på nattbussen frå Stryn?

- Går du pånettsidene våre ser du at frå 18. januar er det to val på nattbussStryn-Oslo. Nettbuss Express Pluss er den avdelinga idobbeltdekkaren som har ekstra komfort, seier Svein Arne Vik,marknadssjef i Nettbuss Travel AS.