Olav Lefdal frå Nordfjordeid har tjue års erfaring som pølsemakar, ein bakgrunn han no håper skal gi han jobb som fiskar på sildebåt.

«Mann søker jobb på fiskebåt. Har 4. plass i NM i kjøttkake. Ønsker å være med på sildefiske», skriv Lefdal i ein annonse i siste utgåva av Fiskeribladet Fiskaren.

– Eg har tidlegare arbeidd på mange båtar, men hovudsakleg som kokk. Sist eg var ute, arbeidde eg på dekk med line- og garnfiske, forklarer femtiåtteåringen til avisa.

Han ler sjølv av den litt uvanlege førstereferansen frå kjøttkake-NM i stillingsannonsen.

– He-he, ja, det er nok litt uvanleg. Men det var stort for meg å komme på fjerdeplass, og det viser at eg har gjort litt frå før av, seier Lefdal, som er nokså trygg på at det ordnar seg med sildefiske. (©NPK)