I dag klokka 13.00 var det klart for anbodsopningfor fv 60 Ugla-Skarstein på regionvegkontoret på Leikanger.

Totalt 11 tilbod kom inn, og detskilde om lag 63 millionar kroner mellom det høgaste og lågastetilbodet, opplyser Statens vegvesen.

Kruse Smith Entreprenør AS var lågast med 202,8 millionarkroner. Nærast var Porr Norge AS med 207,4 millionar kroner. – Dethar vore stor interesse kring dette prosjektet, det såg vi påtilbodssynfaringa i januar, på talet tilbod som kom inn og påprisane. Signala frå bransjen tyder på at det er stor konkurranse imarknaden, og det lågaste tilbodet ligg også under forventa pris,seier prosjektleiar Erling Varlid.

No skal tilboda evaluerast og kontrollreknast.

– Etter framdriftsplanen vert kontrakten med entreprenøren signert i løpet av mars. Anleggsarbeidet vil truleg starte i april, seier Varlid i ei pressemelding.

Parsellen er den siste delen av "Norges verste veg". Ved Ugla skal det byggast ein tunnel på1170 meter forbi Vangberghammaren. Vidare mot Olden går vegen langs eksisterande trase, med enkelte justeringar av veglinja.

Den oppgraderte fv 60 Olden-Innvik skal stå ferdig sommaren 2018.

Desse deltok i anbodsrunden:

Kruse Smith Entreprenør AS 202.788.885,30

Implenia Norge AS 228 329.217

Strabag AG 220.614.193,29

AF Birkeland Entreprenørforretning AS og Kveen AS 215.210.778

KA Aurstad AS 220.992.137,10

Porr Norge AS 207.384.901,21

Veidekke Entreprenør AS 265.482.080

AF Gruppen Norge 224.544.735,60

Aldesa Construcciones 254.604.280,63

AF Metrostav AS og Bertelsen &Garpestad AS 211.754.936

AF Volda maskin AS og Leonard Nilsen &Snr AS 213.936.637,90