Agjeldstunnelen på den nye delen av fv 60 Olden-Innvik er stengd for gåande og syklande. For nøyaktig eitt år sidan tok Reidar Bjarne Holen opp problemet dette skaper vinterstid, når gamlevegen rundt tunnelen ikkje vert halden open.

- Eg har framleis ikkje fått noko skikkeleg svar, seier han.

- Det svaret eg fekk frå dåverande utvalsleiar i hovudutval for samferdsle i juli var at gåande og syklande måtte greie seg med gamlevegen "i alle fall i sommar". Men det er jo ikkje det som er problemet. Det er på vinterstid problema oppstår, seier Holen.

- Skiltinga viser at tunnelen er forboden for gåande og syklande. Dei vert henviste til gang- og sykkelvegen rundt med eige skilt. Men denne vert jo ikkje halden open, seier Holen.

Han viser til at det enklaste hadde vore å berre dekke til forbodsskiltet vinterstid.

- Eg har føreslått for politikarane at det ikkje treng å koste meir enn å oppheve forbodet på vinterstid. Vi veit at der er folk som syklar til jobb kvar dag denne vegen. Og om vi ser på Vanbergstunnelen, som er svært smal og utan lys, så er der jo ikkje noko forbod mot å sykle der. Dermed blir det litt av eit paradoks at dei som no syklar på jobb har lov til å sykle i den trange og mørke Vanbergstunnelen, men om dei syklar i den nye, lyse Agjeldstunnelen, då er dei lovbrytarar og kan risikere bot!