Det var sterlt varierande forhold under kveldens verdscuprenn i stor bakke i Granåsen.

Anderes Fannemel, som var fjerde best i kvalifiseringa i går, hoppa 121 m i første omgang og var tydeleg skuffa etter hoppet. Honndølen gjekk inn på 24. plass, og rasa 10 plassar nedover før omgangen var over. Dermed vart han tilskodar til finaleomgangen i Trondheim.

Suverene Peter Prevc leia etter første omgang etter eit hopp på 135 m, og etter 132 m i andre omgang tok han ein ny verdscupsiger, den 15. for sesongen. Andreplassen tok Stefan Kraft, medan superveteran Kasai kom igjen på pallen med ein 3. plass.