Moods of Norway stod for opninga av "Oslo Runway", den nye "moteveka" i Oslo. Og det gjorde dei på same måte som dei store motehusa: Ved å vise kle i sesong.

- Vi gjer no som Tom Ford og Burberry. Det å vise kolleksjonane i detdei kjem i butikk er blitt ein stor global trend. Verda går kjappare, og kundanen vil ikkje vente i seks månadar før dei kan kjøpe produkta i butikk. Det gjeld å følgje med i timen, og vi trur magien ligg i gjere mest muleg i "real time", seier Simen Staalnacke og Peder Børresen.

Dei fortel at dei har halde på inesten to år med omstillinga slik at dei no for første gong evererkleda i same sesong som dei viser dei på show og har fotosession.

- Detteer den største snakkisen i bransjen om dagen. Vi er nok det eninaste premium merket som gjer dette om dagen,og det følest veldig bra å vere først. Godt å få bekrefta at det vispekulerte i for to år sidan no byrjar å bli ein realitet, seier Staalnacke.

Denne sesongen er strynefirmaet med på Oslo Runway og LA Fashion week.

- Vi trur det er ein stor fordel at kundane umiddelbart får mulegheit til å kjøpe det dei ser på dei store showa, seier Moods-gründeren, som er svært godt nøgd etter opninsshowet i Operaen.

- Vi er storfornøgde. Det har vore veldig gode tilbakemeldingar, og det er heilt fantastisk at det har blitt ei moteveke i Oslo igjen, seier han til Fjordingen.