Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjennomførtlovlegkontroll og konkludert med at vedtaket om sal av aksjane i F1Holding As er gyldig.

Det var 23. november fleirtalet i fylkestinget vedtok sal av aksjene i F1 Holding As tilTorghatten ASA.

Etter handsaminga sette mindretalet, 13 fylkestingsrepresentantar, fram krav om lovlegkontroll avvedtaket. Fylkestinget hadde saka oppe i desember, og fleirtalet fann at vedtaket var gyldig. Kravet omlovlegkontroll vart difor  sendt til Kommunal- ogmoderniseringsdepartementet.

Departementet har no avgjort atvedtaket er gyldig.

I konklusjonen skriv departementet: «Idepartementet si vurdering er det særleg lagt vekt den omfattandesaksutgreiinga, korleis møte 23. november 2015 blei gjennomført ogdei kompenserande åtgjerder som blei sette i verk for å opplysefylkestinget. Departementet har på bakgrunn av vurderinganeovanfor, konkludert med at sakshandsaminga samla sett ikkje kanreknast som tilstrekkeleg mangelfull til at avgjerda har kome tilpå ein ulovleg måte, jf. kommunelova § 59 nr. 4 bokstav c.Fylkestinget si avgjerd i sak 46/15 må difor reknast som gyldig.»

Du kan lese uttalen frå departementet her.