- Utviklinga i dagens forhandlingar mellom Ørsta og Volda betyr i praksis at Hornindal kommune vert stilt overfor eit ultimatum der vi må velje mellom å gå sørover til Stryn eller nordover til Volda/Ørsta, seier ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel.

I ettermiddag skal kommunestyret i Hornindal handsame intensjonsavtalen for samanslåing av Stryn og Hornindal. Invitasjonen frå forhandlarane i Ørsta og Volda tyder at Hornindal må vurdere to alternativ parallelt.

- No har Ørsta sagt at folkeavrøystinga 19. mai skal vere avgjerande for kva dei gjer. Likevel er utviklinga i forhandlingsmøtet mellom dei to kommunane utfordrande for oss. Det er fordeler og ulemper ved begge alternativ. Før vi gjer eit retningsval må vi vite kva dei ulike partane har å tilby, seier Lødemel.