Rekruttering er den største utfordringa for norsk landbruk, meiner landbruksminister Jon Georg Dale (Frp), som gjerne framsnakkar bondeyrket meir.

«Hektisk» er ordet han bruker om tida som norsk landbruks- og matminister til no.

– Det viktige for meg er ikkje å gi inntrykk av å ha svara med ein gong, eg har villa bruke tid på å sjå utfordringsbiletet. Det er eg ikkje ferdig med enno. Regjeringa har starta på nokre grunnleggjande oppgåver som det er min jobb å vidareføre, nemleg grunnlaget for auka matproduksjon og rekrutteringsutfordringa.

– Rekruttering er den største utfordringa dersom vi droppar det politiske perspektivet som ofte er mellom val, og ser på utfordringsbiletet dei neste tjue-tretti åra, seier Dale.

Formell kompetanse?

I dag er berre éin av ti bønder under 40 år, snittalderen er 54 år. Onsdag fekk Dale overlevert ein utvalsrapport med forslag til tiltak for å få fleire unge til å velje landbruket som yrkesveg. Krav til formell utdanning tilsvarande VG3-nivå eller vaksenagronom for nye bønder var blant forslaga som blir hevda å kunne betre status, omdømme og rekruttering til næringa. Dale skal no gå gjennom rapporten.

Med bakgrunn i eigen oppvekst på gard kan han raskt ramse opp fordelar ved bondeyrket. Ministeren meiner ein kan vere flinkare til å fremje dei positive sidene.

– Eg veit det provoserer mange, men eg meiner det er éi av utfordringane landbruksdiskusjonen står overfor. Ingen lèt seg rekruttere til ei næring viss dei skal skremmast inn i ho, seier han, og meiner også politikarane har ansvar for den delen av diskusjonen.

– Omstillinga må fortsetje

For å greie overgangen til ein ny generasjon må ein forstå at dei unge i dag ikkje kjem til å drive som foreldra, slik det også var i generasjonen før, meiner Dale.

– Dette har eg brukt mykje tid på å snakke om. Dei omstillingane som har vore i og rundt landbruket må fortsetje.

For dei som verkeleg vurderer ei framtid i bondeyrket, er det utfordringar knytte mellom anna til arbeidstider og tunge investeringar ein må løyse, påpeiker han.

– Skal vi rekruttere den generasjonen til landbruket, krevst det betydelege investeringar dei neste ti-femten åra. Mange driftsbygningar bygde mot slutten av 1970-åra og byrjinga av 1980-åra står framfor utskiftingar og re-investeringar.

– Den tredje viktige utfordringa er å gjere det føreseieleg for dei som no satsar ved å gi større moglegheit til å leve av det dei produserer. Difor er også innrettinga på dei verkemidla vi bidreg med frå staten si side viktige.

Følgjer Listhaug

Forgjengaren Sylvi Listhaug snakka varmt om større gardseiningar og moglegheiter for å drive større. Ei linje Dale følgjer.

– Skal du investere i lausdriftsfjøs med robot, kan du produsere 400 tonn mjølk. Investeringa er like stor om du berre har kvote på 100 tonn. Det betyr at dei som skal satse på landbruket i framtida, bruke ny teknologi og kombinere det med meir fritid enn det førre generasjon og generasjonen før gjorde, er avhengige av å få utnytte verdiane av investeringane dei gjer. Og det vil medføre strukturendringar i landbruket. Dei som trur svaret for norsk landbruk er å stogge den utviklinga, trur eg tek grunneggjande feil, seier han.

– Men eg er òg oppteken av at landbruket har vore mangfaldig og trur det kjem til å vere mangfaldig. Enkelte utviklar gardane i denne retninga, det er ei fornuftig utvikling. Andre meiner det rette for dei er ei tilpassing med mindre volumauke og meir beskjedne investeringar. Atter andre utviklar ein meirverdi med basis i eigen produksjon, om han er stor eller liten.

Nisje og volum

Dale hentar eit døme frå messa Grüne Woche i Berlin, der mange norske lokalmatprodusentar presenterte varene sine. Produkt i verdsklasse, ifølgje matministeren. Målet til regjeringa er ein lokalmat-omsetnad på ti milliardar kroner årleg innan 2025.

– Dei aukar verdien av eigen produksjon utan å gå via volum, men til nisjemarknaden, påpeiker Dale, men hevdar han òg vil legge til rette for dei som vil drive produksjon av til dømes kjøt eller mjølk i mindre skala.

– Ja, er svaret på det, men er eg oppteken av at landbruket ikkje er drive frå dette kontoret. Bønder er sjølvstendig næringsdrivande som kan utnytte moglegheitene dei har på gardsbruket sitt. Eg meiner det er fullt mogleg å få nytta potensialet som ligg i desse gardsbruka, men det er ikkje slik at du automatisk kan leve av det fordi det kjem pengar frå staten, seier han.

Korleis ser så norsk landbruk ut nokre tiår fram i tid?

– Det er bøndene som utviklar norsk landbruk, for ein politikar å skulle peike på det er å overvurdere eiga betydning. Eg håpar vi klarer å halde oppe og auke norsk matproduksjon i åra framover. Eg trur det er potensial for å gjere det over heile landet, men med ulik bruksstruktur. Nokre kjem til å dyrke nisjen sin enda sterkare, andre kjem til å produsere større volum i dag. Det mangfaldet trur eg vi kjem til å sjå også i dei komande ti og tjue åra, seier Jon Georg Dale. (©NPK)