Befolkningsgrunnlaget skal ikkje vere avgjerande for kva sjukehus som skal ha akuttkirurgi, meiner helsepolitisk talsmann i Arbeidarpartiet Torgeir Michaelsen.

– Sjukehusa våre er på så forskjellige stader, og med så ulike føresetnader, at vi meiner det er heilt feil at det blir etablert ein generell «skrivebordsregel» i Stortinget, der det for eksempel heiter at det må vere minst 60.000 i nærleiken av eit sjukehus for at dei skal ha akuttberedskap med akuttkirurgi, seier Michaelsen til NRK.no.

I Nasjonal helse- og sjukehusplan, som helseministeren la fram i fjor, er det skissert at sjukehus som skal ha akuttkirurgi bør ha eit pasientgrunnlag på minst 60.000 til 80.000 pasientar. Det kan ramme akuttkirurgisk beredskap ved sjukehusa i Narvik, Lofoten, Volda, Stord og Flekkefjord. Kristin Ørmen Johnsen frå Høgre seier folketal aleine ikkje skal vere avgjerande.

– Planen seier blant anna at ein skal ta omsyn til avstandar, vêrforhold og ikkje minst også kor spreitt befolkningsgrunnlaget er. Så 60.000 menneske aleine er jo ikkje eit premiss, seier Johnsen til NRK.no. (©NPK)