Det vart ein ny pallplass på Johannes Thingnes Bø i vind og 15 minusgrader i USA i ettermiddag.  Markane-løparen som vann sprinten i går gjekk ut på jaktstarten 28 sekund før Anton Shipulin, med  lynraske Martin Fourcade eitt sekund bak der igjen.

På første skyting vart det ein bom, men Johannes heldt framleis unna for dei nærmaste konkurrentane, ettersom også Fourcade og Schipulin bomma. Andre skyting vart fullt hus. Etter tre treff på tredje skyting kom han ut av det, måtte ta stilling på nytt og puste litt, men tok seg strålande inn og plotta inn blink fem og blink fire. Då han gjekk ut etter tredje skyting leia han med 44 sekund på Fourcade.

Men på siste skyting vart det kant ut og to bom. Etter to strafferunder gjekk Johannes  ut 7,9 sekund etter Martin Fourcade, som skaut fullt og hadde stor fart i sporet. - Litt verre vindforhold enn Fourcade, sa Ola Lunde på NRK etter Johannes si skyting.  Anton Shipulin vart nummer tre.

Dermed vart det eitt trinn ned på pallen for Johannes, som rista litt på hovudet då han om i mål, men som likevel har markert seg svært sterkt i helga med sine to pallplassar. Og for første gong i verdscupen har han teke ein andreplass, ei ny erfaring for løparen som har vore kjent for "vinn eller forsvinn".

Tarjei Bø hadde ladetrøbbel på standplass på første skyting, og fekk ein bom og brukte lang tid. På andre skyting vart det fullt hus, men med to bom på begge av dei ståande skytingane vart det 19. plass på storebror Bø. Erlend Bjøntegaard vart nest beste nordmann med 5. plass, personleg bestenotering i verdscupen.

Tyske Arnd Peiffer vart frakta til sjukehus etter å ha køyrt ut av løypa og inn i eit tre. I følgje VG vart det konstatert hjernerystelse i tillegg til kutt i andletet.

I morgon er det stafett for herrane.