TV-sjåarane kunne i kveld sjå eit glimt av Sondre Bødal frå Loen frå Idol-autditionsendingane. Sondre gjekk i fjor vidare frå audition, og ut frå TV-glimta i kveld kunne det sjå ut som han hadde fått ein ny gullbillett.

- Ja, eg prøvde meg igjen for andre gong og det gjekk vegen, ja, stadfestar han på spørsmål frå Fjordingen.

- Eg fekk fire ja og gullbillett, og mykje positive tilbakemeldingar. Det var ei kjekk oppleving, seier han.

- Korleis er det med ambisjonane? Har du veldig lyst til å bli artist, eventuelt i kombinasjon med arkitekt?

- Hehe! Musikk er meir ein hobby, vil eg vell seie. I år vart egoppringt av Idol, som ville ha meg med i ein ellers hektiskeksamensperiode. Men med god tilrettelegging frå deira side sågjekk det opp. Arkitekt er jo det eg verkeleg skal bli, men ein veitjo aldri kva iIol kan gjere ,så eg følte ikkje eg hadde noko å tapepå å møte opp på audition, seier han.

Ny gullbillett i boks. Skjermdump frå TV2.no

- Så eg prøvde, fekk gullbillett og komtil Oslo. Så no er det berre å følge med å sjå korleis det gårvidare i konkurransen i Oslo