Det finst fleire opp gjennom tida som har fått tilnamnet "skidronning". Men Bjørg Bergset (84) frå Fjelli i Stryn fortener verkeleg å bli kåra til "kjelkedronninga".

Den spreke 84-åringen tek fram kjelken og renner seg ein tur så snart ho har ein sjanse.

- I vinter har det vore litt skiftande, men eg har nytta høvet når har gått an. Det er ein grei måte å kome seg fram på, og så får eg trim når eg går tilbake etter eg har rent, seier ho, når Fjordingen spør om årets "sesong".

Bjørg er oppvaksen i Hennebygda, som på den tida var veglaus.

- Vi dreiv mykje og rende på kjelke og gjekk på ski. Vi kom ingen stader, så vi måtte underhalde oss sjølve. Men det var kjekt. Vi trakka våre eigne løyper og var mykje ute. Det var mykje meir snø på den tid, seier ho.

- Kva renner du?

- Eg renner i vegen dersom det er brukbart, men som regel strør dei der. Men eg finn meg alltids plassar å renne, seier ho.

- Og no er det skaresesong?

- Nei, det er ikkje råd å renne på skaren enno. Men om vi får kulde nokon dagar no, så kan det vel hende.

Kjelken nyttar ho først og fremst fordi det er kjekt.

- Det har vel hendt eg har brukt kjelken av og til henta ein vedasekk frå skykkja. Men elles er det mest for moro, seier ho.

- Kva slags kjelke har du?

- Eg har ein litt høg kjelke, og så har eg laga meg ei pute oppå, så eg sit mukt og godt. Ein låg kjelke er litt vanskelegare å kome seg av og på.

- Ratt har du ikkje, styrer du med stang?

- Nei, eg styrer med føtene. Og strekar, om det går fort.

Det hender Bjørg får spørsmål om ho torer å renne på kjelke åleine, i hennar alder.

- Men ein har ikkje anna moro enn den ein lagar seg sjølv! seier den friske 84-åringen.