Stryn møtte Sotra borte i 2. divisjon handball for menn i dag, og etter ein god start av Stryn stod det 3-0 etter 10 minutt. Tremålsleiing var det også etter kvarteret ut i omgangen, men Sotra utnytta ei 2 minutt utvisning for Stryn til å gjere to reduseringar. Resten av omgangen var det jamnt, med pauseresultat 10-9 til Stryn. Midtvegs i andre omgang var heimelaget oppe i leiinga på stillinga 15-14. Stryn klarte å ta tilbake initiativet i kampen og var fem minutt før kampslutt oppe i pluss 3. Men Sotra sette inn ein sluttspurt med veldig offensivt forsvar, og reduserte Stryn si leiing til eitt mål. Med klokt spel frå Stryn vart Vegard Aaland sett opp til avslutning og scora sikkert med 10 sekund att på tavla.

Strynespelar Borna Hadrovic vart av ein lokal jury kåra til beste spelar. Dino Copic spelte også ein svært god kamp.