I går kveld opna Ungdoms-OL på Lillehammer. - Ei fin oppleving, seier Miriam Flo frå Stryn, som er ein av dei frivillige unge leiarane under Ungdoms-OL.

Sjølv skulle ho eigentleg ikkje byrje med sitt arbeid før i morgon, men under opningsseremonien måtte ho steppe inn samanmed to andre som vakter for å kontrollere om folk hadde tilgang til sona med IOC og media/presse.

Miriam sin eigentlege jobb under Ungdoms-OL vert bakkemannskap på Hafjell.

- Eg er veldig spent på den oppgåva, seier ho.

- Og måndag er vi så heldige at kronprinsen kjem innom her vi ungeleiarane bur og skal snakke med oss om oppgåva vi gjer under OL, fortel ho.