Politiet i Stryn har anmeldt fleire personar for kjøp av seksuelle tenester.

- Ei omreisande prostituert hadde tilhald i Stryn forrige veke. Dette vart avdekka av politiet, og dei som var kundar hos henne då ho var her, har blitt kontakta. Desse kundane har no blitt anmelde, seier politibetjent Jan Tore Sunde ved Stryn og Hornindal.

Kjøp av seksuelle tenester er ulovleg i Norge.

- Kva er strafferamma for denne typen lovbrot?

- Kva reaksjonar det vil bli er det for tidleg å seie noko om.

Det har i det siste vore prostituerte som har kunngjort via nettsider at dei kjem til tettstader i Sogn og Fjordane, også Stryn og Hornindal.

- Politiet følgjer med på dette, seier Sunde.