Hoven Loen-prosjektet er i rute. Etter planen skal opning skje i mai neste år.

- Vi har no ferdig vegen opp til Hoven, som er svært avgjerande for ein god byggjeperiode, og vi er og komne i gang med bygging av deler av dei fire bygga som anlegget består av, seier dagleg leiar i Hoven Loen AS, Richard Grov, i årsrapporten til Hoven Loen AS.

I Sveits er produktsjonen av dei tekniske installasjonane i full sving.

- Frå no av og framover går vi inn i ein svært spennande byggjeperiode, der aktiviteten og dei synlige resultata vert tydlegare og tydlegare frå dag til dag, seier Richard Grov.

Også på marknadssida er prosjektet godt i gang. I følgje årsmeldinga er det utarbeidd forslag til forretningskonsept og produktpakkar retta inn mot ulike kundesegment. Tilboda vil variere frå lette til utfordrande aktivitetstilbod til fots, på sykkel eller på ski, og vere tilpassa temasatsingar innan Visit Norway, Fjord Norge og cruiseturisme spesielt, går det fram av årsrapporten.

- Opplevingane på fjellet rundt Hoven trur vi vert storslagne og vil gje mange nye og gode moglegheiter til å oppleve dei norske fjella, seier dagleg leiar Richard Grov, som ikkje legg skjul på at han er stolt av det ein har fått til så langt.

- Eg vil rette ein stor takk til styret, samarbeidspartnarane og aksjonærane våre for den jobben somer gjort fram til i dag, seier Grov.

OM HOVEN LOEN:

  •  Hoven Loen AS er ei verksemd med base i Loen

  • Ei pendelbane frå fjordnivå og opp til fjellet Hoven (1.011 m.o.h.) er navet i prosjektet.

  • Prosjektet inneheld også fjord- og fjellbygg med butikk- og restauranttilbod, sti- og løypenett og ei rekkje aktivitetar i tilknyting til anlegget.

  • Styret for selskapet består av Leif Riksheim (styreleiar), Geir Egil Roksvåg, Per Kjøllesdal og Ole Petter Solnørdal.- Hotel Alexandra AS, Nordfjord Kjøtt AS og Stryn kommune er dei største aksjonærane i selskapet. I tillegg er ei rekkje andre bedrifter inne som aksjonærar.

  • Aksjekapitalen pr. 31.12.2015 var på 65.177.000 kroner.

  • Selskapet hadde pr 31.12.2015 signerte erklæringar frå selskap og personar som har stadfesta at dei vil teikne seg som aksjonærar, slik at Hoven Loen AS vil ha ein aksjekapital på rundt 100 millionar ved utgangen av mars.

  • Styret har vedteke at dei i prosjektperioden vil arbeide for å auke aksjekapitalen ytterlegare, til nærare bestemt 115 millionar kroner.

- Vi går inn i ein svært spennande byggjeperiode, der aktiviteten og dei synlige resultata vert tydlegare og tydlegare frå dag til dag, seier Richard Grov i årsrapporten. Bilde frå fjordstasjonanlegget. Foto: Gunnhild Sindre
I mai 2017 vil pendelbana frå fjorden og opp til fjellet Hoven (bak til venstre) stå ferdig til opning. Foto: Gunnhild Sindre