Brørne Bø har gjeve vekk gulljakkene frå VM. Medan Tarjei og Johannes er på plass i Russland for verdscupfinalen i skiskyting, har organisasjonen Right To Play auksjonert bort gulljakkene til inntekt for sitt humanitære arbeid.

Og det er ikkje småsummar jakkene har skaffa organisasjonen. I går gjekk Tarjei si gulljakke frå stafetten for 13.000 kroner, medan Johannes si gulljakke, som han tok imot både stafettgull og fellesstartgull i, nettopp gjekk for 40.000 kroner på auksjonen, som vart avslutta for eit kvarter sidan.

Fantastisk

- Det er fantastisk at prestasjonane frå VM også kan gje glede og livskvalitet for born i vanskelegstilte land. Det Tarjei og Johannes gjer ved å donere jakkene som direkte støtte til vårt humanitære arbeid er svært betydningsfullt for vår organisasjon, seier ein glad kommunikasjonsrådgjevar i Right To Play Norge, Anneline Botnen, til Fjordingen.

OM RIGHT TO PLAY:

Right To Play vart grunnlagt av Johann Olav Koss i 2000, og han er også president og administrerende direktør i Right To Play International.

Koss har arbeidd med å fremje leik og idrett som verkemiddel for å gje barn og unge ei betre framtid. Organisasjonen er i dag representert i over 20 land og når ut til over ein million barn kvar veke. Right To Play har i dag 600 tilsette på verdsbasis og 16 400 frivillege. Gjennom leik og idrettsaktivitet lærer dei born om toleranse, samhandling, respekt og empati. Borna får også kunnskap om korleis dei skal beskytte seg mot sjukdommar som malaria og HIV / AIDS. Eit grunnleggjande prinsipp er også at leik og idrettsaktiviet også er med på å utvikle basisferdigheiter som samarbeid, kommunikasjon og leiarskap.

Tarjei Bø er ambassadør for organisasjonen.