I to dagar er det no helsepolitisk/biomedisinsk konferanse om sjukdommen ME i Stryn.

- Det er svært positivt å registrere at så mange har kome hit, ikkje minst det store spekteret av faggrupper som har meldt seg på. ME som tema er noko som engasjerer, og sikkertutfordrar mange av oss frå ulike ståstadar. Legar, sjukepleiarar,ergoterapeutar, fysioterapeutar, kiropraktorar, tannlegar, lærarar,psykologar, politikarar – fleire grupper kunne vore nemnde, sa Nils-Petter Hauge, som representerte inititativtakarane og ønskte velkomen til første dag av ME-konferansen.

Dette var ein fagdag mynta på helsepersonell, og rundt 65 personar sat i salen då konferansen opna.

I dag er det open dag, mynta på "folk flest", helsepolitikarar, NAV og andre offentlege institusjonar. Rundt 120 er påmelde til denne delen av konferansen.

Det store spekteret viser at ME treff mange, påpeika Hauge innleiingsvis.

- Tidvis direkte – på barneskulen,eller ungdomsskulen, en kollega, ei tante eller ein pasient – andretider indirekte – i det vi møter pårørande som nyttar alle sinekrefter til å støtte opp og bidra til at den ME-råka kan leve omikkje eit fullverdig liv, så i alle fall eit liv til å holde ut.Også denne gruppa treng ulike former for støtte om dei og skal levetilnærma normalt.

Tysdag: Salen i ferd med å fyllast opp av helsepersonell til fagdagen på ME-konferansen.

Nils-Petter Hauge retta ei takk til familien Skrede som har arbeidd i lang tid for å få til konferansen, og takka samstundes føredragshaldarane som har kome til konferansen.

- Vi er så heldige atfleire av landet sine fremste fagfolk og forskarar innan feltet harprioritert å kome hit. Det er vi stolte av, men først og fremst ervi glade,  nettopp fordi vi veit at kunnskap er den nødvendigestarten på utvikling og endring, sa Hauge, som i si velkomshelsing avslutningsvis sveipa innom Hegel sitt prinsipp om tese-antitese-syntese:

-  Den tyske filosofen Georg Hegelintroduserte begrepa tese-antitese-syntese, som synleggjorde detfaktum at ny kunnskap i form av syntese byggjer på ein tidlegareprosess prega av motsetningar, nedfelt i tesar og antitesar. Detgode med faglege diskusjonar og motsetningsforhold er nettoopp atdette skjerpar og utviklar. Ny kunnskap pressar seg frå mellomgjennom isen. Kunnskap som ikkje alltid sikrar at vi gjer det somer korrekt, men som kan hindre at vi nesten aldri gjer det som erfeil. I forskningsøyemed er ofte det vel så viktig som detmotsatte. I løpet av dei to dagane som no ventar, ser vi verkelegfram til å lytte til syntesane innan ME-forskninga!