Rikskonsertane skifter namn til Kulturtanken - Den kulturelle skolesekken.

- Kunst og kultur til barn og unge skal vere spennande, utfordrande, ettertrakta og av høg kvalitet. Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Norge skal engasjere, samle, utvikle og leggje til rette for dette, seier kulturminster Linda Hofstad Helleland, som legg til:

- Eg stolar på at Kulturtanken vil vere ei identitetsskapande drivkraft som skaper engasjement, er samarbeidande og inkluderande. Kulturtanken skal arbeide for god forankring og tett samarbeid mellom skule- og kunstsektor, vere visjonær og liggje i front.

Det nye namnet er ein del av endringane av DKS-ordninga (Den kulturelle skolesekken) som blei vedteken i fjor haust. Rikskonsertane fekk då nye oippgåver og ny styringsstruktur for å ivareta det nasjonale ansvaret for alle kunstuttrykk i Den kulturelle skolesekken.

Fredag vart det kjent at den nye organisasjonen får namnet  Kulturtanken - Den kulturelle skolesekken Norge.

- Dette er et namn vi er veldig glade for og som vi har et eigarforhold til allereie, seier fungerande direktør i Rikskonsertene, Ådne Sekkelsten. Det var Rikskonsertane sjølve som føreslo namnet, noko som fekk støtte både i Kulturdepartementet og i Kunnskapsdepartementet.

- Kulturtanken rommar alt vi skal drive med: Kunst og kultur for barn og unge, tankar og kunnskap om barn og unge som publikum, og å synleggjere og utvikle Den kulturelle skolesekken. Kulturtanken skal vere ein samlande aktør for kunnskapsutvikling og formidling av profesjonell kunst og kultur for barn og unge, seier Sekkelsten.