I følgje avisa Dagbladet siglar markaren Sjur Ole Svarstad opp som det heitaste namnet til å bli framtidig trenar for Marit Bjørgen, Therese Johaug og resten av det norske kvinnelandslaget i langrenn.

- Det er smigrande at nokon nemner meg som muleg trenar for verdas beste landslag. Men eg har ikkje fått noko tilbod om å bli trenar for kvinnelandslaget, seier Sjur Ole Svarstad til Fjordingen.

Glopparen Roar Hjelmeset er assistettrenar for kvinnelandslaget i dag, og det er ønskt at han skal halde fram. Men i følgje avisa er det uaktuelt for Hjelmeset å halde fram i meir enn eitt år, og då vert det peika på at Sjur Ole Svarstad siglar opp som eit heitt namn til jobben som hovud- eller assistenttrenar i tospannmed Roar Hjelmeset.

Sjur Ole Svarstad er trenar for rekruttlandslaget, og har fleire gongar vore trekt fram i NRK sine sendingar i samband med at elevane hans har gjort det svært godt i verdscupsamanheng. Det skulle vere nok å nemne Emil Iversen frå sist sesong.

- Svarstad har utvikla mange toppløparar og er dyktig på å skape goderelasjonar og på oppfølging, seier sportssjef Vidar Løfshus til Dagbladet.