Meldinga regionvegsjefen kom med under høyringskonferansen for Nasjonal Transportplan (NTP) fredag var lite lysteleg for alle med håp om  oppstart av nye vegprosjekt. Helge Eidsnes sa rett ut at det ikkje ligg inne oppstart av nye, store vegprosjekt i Sogn og Fjordane i perioden 2018 – 2029. E39 Bjørset-Skei vert starta opp i 2017 og fullført dei komande åra. Men bortsett frå det skjer dei store investeringane i Hordaland og Rogaland.

Fleire som ytra seg, både politikarar og vegbyråkratar i Sogn og Fjordane, gjorde det klart at dette ikkje er akseptabelt. Rv 15 Strynefjellsvegen har til dømes ramla ut av NTP, og vert kravd på plass att. Bak det kravet står ein brei allianse frå LO, NHO og Lastebileigarforbundet på eine sida til kommunar og fylkeskommunen på den andre.

Regionvegsjefen gjorde det klart at Sogn og Fjordane må samle seg om felles krav og gjere klare prioriteringar dersom fylket skal ha sjanse til å kome i posisjon. For det manglar ikkje på prosjekt som kan startast opp dersom planane vert klare og Stortinget finn pengar. Strynefjellsvegen er ei aktuell strekning. Fleire deletappar på E39 gjennom fylket ligg og i rute for oppstart om få år, dersom prioriteringane vert gjort og løyvingane kjem på plass.

Eidsnes viste ein kalender for mogleg framdrift for dei ulike delane av E39 gjennom fylket. Her skisserte han fire års arbeid med kommunedelplanarbeid for Byrkjelo-Grodås, deretter fem år med ytterlegare planarbeid og grunnerverv før byggjestart i 2025. Ni års planlegging i tillegg til den tida som allereie har gått med betyr at vegvesenet reknar 10 år planlegging før prosjektet kan startast opp. Det er uakseptabelt lenge og betyr at ein felles kamp må handle om raskare planprosess. Deretter politisk vilje til løyving.

Med dei rammene som ligg føre er det ingen sjanse til å gjennomføre prosjektet ferjefri E39 i løpet av 20 år. Det er heller ikkje mogleg dersom ingen set krav til nedkorting av planprosessane.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør