Jørgine "Funkygine" Vasstrand Haagensen (også kjend frå Norges Tøffeste på NRK 1)  og Lasse Tufte, grunnleggar av Tufteparken, var henta inn i høve vårslepp i Loen denne helga.

Det er sjette året Hotel Alexandra arrangerer treningshelg med kjende trenarar og føredragshaldarar.

– Det er kjempekoseleg å vere i Loen, sa Haagensen. – Her er så mange treningsglade, flinke folk som er villige til å prøve nye ting. Dei fleste øvingane vi brukar er veldig ut av komfortsona til dei fleste. Det er parøvingar der ein må jobbe tett med ein partnar, og det kan vere ukomfortabelt for mange – men dei takla det fint! ler ho.