Fri Flyt AS fekk 50.000 kroner i kommunal støtte frå næringsfondet til Strynefestivalen i 2014 og 25.000 kroner i fjor. Å år er det tilrådd avslag på søknaden om 100.000 kroner før saka skal opp i formannskapet onsdag.

I tilrådinga til rådmannen vert det synt til at arrangementet er positivt med alle sine aktivitetar, men at det ikkje har nye element i seg som kvalifiserer til støtte frå næringsfondet. Fondet skal først og fremst nyttast til nyskaping og utvikling. Eit anna moment er at midlane i fondet i 2016 allereie er oppbrukte.