To personar er sende til sjukehus i lulftambulanse etter den alvorlege trafikkulukka på E39/rv 15 ved Holmøyane i ettermiddag.

Den eine føraren sat fastklemd etter kollisjonen og måtte frigjerast av redningsbil frå brannvesenet.

Begge personane vart sende til sjukehus med ambulansehelikopter.Den eine, ein mann i 50-åra, vart send til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Han er alvorleg skadd, opplyser sjukehuset.

Den andre er i følgje politiet hardt skadd og send til Sentralsjukehuset i Ålesund.

Foto: Bengt Flaten

To køyretøy var involverte i frontkollisjonen.

Vegen vart midlertidig stengd. Personbilar vart omdirigerte via lokal omkøyringsveg.