Nettavisens reisetips har i 17. mai-månade plukka ut det dei omtalar som "17 utrolige steder i Norge".

På topp på lista står Stryn, illustrert med eit bilde frå Oldedalen. - Det er mange flotte perler i Norge, men vi har funnet frem 17steder som du virkelig må oppleve, heiter det i teksten på sida.

- Stryn og Nordfjord er indrefileten i norsk fjordlandskap, seier ein nøgd dagleg leiar i Visit Nordfjord, Marita Lindvik, i ein kommentar til Fjordingen.