BRU-konferansen som vart arrangert avNordfjordbrua Lote-Anda og Nordfjord Vekst på Gloppen Hotell måndagog tysdag konkluderer med at alt ligg til rette for bygging av bruer over vestlandsfjordar for tida. Konferansen konkluderte med at dempa vekst som gjev låg rente lenge, ny teknologi somgjev billegare løysingar, auka nedbetalingstid til inntil 40 år ogferjeavløysingsmidlar gjev eit best muleg utgangspunkt for realisering av bruer.

Konferansen vart avslutta med semje om å tavidare eit innspel i fire punkt til rulleringa av NasjonalTransportplan:

1. Vektlegging av ferjeavløysing som verktøy.

2.Betydning av innovasjon i teknologi når det gjeld brubygging.

3.Økonomiske modellar må vise reell samfunnsnytte.

4. Ein må ståsaman om at no må ein kome i gang med prosjekt, og kople det motkrisen på Vestlandet.

Deltakarar på BRU-konferansen. Foto: BRU-konferansen

- Ideelt tidspunktSjefsøkonom Jan LudvigAndreassen i Eika Gruppen var ein av føredragshaldarane påkonferansen. Han meiner tidspunktet for realisering av bru er ideel no, med ein økonomi somgår mot nullrente og minusrente i mange land. – Kvifor plasserepengar på negativ rente når ein kan bruke dei til noko her heime?Kva inneber det om vi får negativ rente i all framtid? For detførste blir det brukt mykje meir pengar på vegar og jernbane. Vifår samferdsleprosjekt som minimerer vedlikehaldet og maksimerermiljøomsyn, sa Andreassen under konferansen. Olav Ellevset,tidlegare prosjektleiar for ferjefri E39 og regionvegsjef påVestlandet, er no dagleg leiar i vegselskapet Samspleis AS påNordmøre. Han meiner ein må kome i gang med pilotprosjekt kjapt. –Vi må ta risiko på at det ikkje er perfekt, men må kome i gang ogskaffe oss erfaring. Det er ein del sjølvpålagte krav som erkostnadsdrivande. Dette er politikk. Diskusjonen om kva krava skalvere kjem, og det vil få kostnadene ned. I dag er det så tungt å gåinn i det statlege systemet, ein kan gå seg heilt vill ianalysemetodikk. For å få opp ein pilot, er fylkeskommunen enklastestaden å byrje. Prosjekta må finansierast over mykje meir enn 20år. Vi kan gjennomføre det som private prosjekt. Og vi må prøve nyemetodar og innfallsvinklar for å gjere det mykje billegare, saEllevset.

Olav Ellevset: - Vi kan gjennomføre det som private prosjekt. Og vi må prøve nye metodar og innfallsvinklar for å gjere det mykje billegare, sa Ellevset. Foto: BRU-konfersansen

- Har teknologien Leverandørar av tenester innanplanlegging og bruteknologi som Reinertsen, LMG Marine,Multikonsult og Kleven Maritime var med på konferansen. Bodskapendeira er i følgje pressemeldigna er at ein må kome i gang med prosjekta, fordi leverandørane ikkje "sit og ventar i fire år til". – Det er avgrensa kor lenge entreprenørar kansitje og vente og bruke mykje pengar. Vi har teknologien, det eringen heksekunst. Vi er klar for lengst, og vil gjerne få med norskindustri om dei er klare, sa Ivar Myklebost i LMG Marine var tydeleg.-Konklusjonen er klar: Alt ligg no til rette for å setje fart pårealisering av fleire samfunnsøkonomisk lønsameferjeavløysingsprosjekt på Vestlandet - med rimelegare teknologienn det vi planlegger for i dag. Er den politiske viljen tilstades, kan dei neste 10 åra bli eit taktskifte i å bindeVestlandet saman til større bu- og ardeidsmarknadsregionar medbruer som avløyser ferjer, seier styreleiar i Nordfjordkryssing AS,Alfred Bjørlo i pressemeldinga.