Allereie frå januar 2017 vert dei første FM-sendarane sløkte i Norge. Møre og Romsdal er eitt av fylka der det er lagt opp til å sløkke FM-bandet tidleg på året, medan Sogn og Fjordane i følgje NRK står for tur på sommaren og hausten.

Mange er kritiske til at Norge som det første landet i verda vil stengje FM-bandet og satse alt på digital radio. Godt under halvparten av norske bilar i landet har DAB-radio. Det betyr at trafikkmeldingar, kanskje livsviktige, ikkje når fram til bilistar utan at dei ettermonterer DAB-radio.

Om norske bilegarar etter kvart gjer det, er det større grunn til å uroe seg over at stenging av FM-bandet betyr at utanlandske sjåførar, både yrkessjåførar og turistar, ikkje kan lytte til radio i Norge eller ta i mot trafikkmeldingar. Nettopp omsynet til sikkerheit var eitt av fleire avgjerande moment for at Sverige ikkje har vedteke å stengje FM-nettet.

Det er ikkje mange månadene sidan DAB-radioen vart slått ut rundt Førde. 18.000 radiolyttarar hadde vore utan radio, dersom FM-bandet hadde vore stengd. Mykje tyder på at  DAB er mindre til å stole på enn FM-bandet under ekstreme vertilhøve. Under ekstremveret Dagmar i desember 2011 var mange kommunar utan straum i fleire dagar. FM-radioen fungerte. Det hadde neppe DAB-radioen gjort.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand er kritisk til om tryggleiken vert godt nok ivareteken ved stenging av FM-bandet. Overfor Firda peikar han særleg på informasjonsbehov ved ulukker i tunnelar. Mange hytter langt til fjells vil heller ikkje kunne ta i mot digital radio. Utan radio og mobilsamband vert det ikkje mogleg å lytte til vermeldingar eller nyhende, til dømes om redningsaksjonar. Frp meiner sløkking av FM-bandet ikkje er god samfunnssikkerheit og til forbrukarane sitt beste. Partiet har utfordra kulturministeren på viktige spørsmål om konsekvensar rundt for tidleg stenging av FM-bandet. Spørsmålet er kor lurt det  er å vere først i verda på å redusere sikkerheita.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør