I går var det folkerøysting i Gloppen og Eid om muleg samanslåing. Medan eidarane sa ja (56 prosent ja, 39 prosent nei) sa Glopparane med knapt fleirtal (50,8 prosent nei, 47,1 prosent ja) nei til samanslåing av dei to kommunane.

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid seier han er glad for at det vart eit klart råd frå innbyggjarane i Eid, somstøtta den framforhandla avtalen.

- Vi gjennomførte bådefolkerøysting og innbyggarundersøking, som ga same svar, seier Bjørlo, som legg til at han er spesielt godt nøgd med at valdeltakinga var aller høgast blant dei yngste.

. Valdeltakinga blant 16- og 17-åringar i Eid var 58,4%, mot 49,3%blant veljarane samla. Ungdommen har altså "banka" dei vaksneeidarane i oppmøte med nesten 10% - det er utruleg kjekt!seier han.

- Kva tenkjer du om at det vart eit knapt nei-fleirtal i Gloppen?

- At det vart jamnt i Gloppen var venta, og eg registrerer at detgjekk stor prestisje for Senterpartiet nasjonalt i at Gloppenskulle seie nei. Blant anna ved at Liv Signe Navarsete blanda seginn i den lokale prosessen i innspurten. Det ernoko spesielt, etter mitt syn, men vi må respektere resultatet.

- Departementet har sagt tydeleg ifrå at når det gjeld kommunarsom blir "ufrivillig åleine" kan fylkesmannen gå inn og gjerejusteringar. Ser du føre deg andre alternativ no? Kva med Stryn og Hornindal,er det toget gått då de sa nei i første omgang?

- Når det gjeld vidare prosess for Eid sin del, skal vi diskuteredette i Kommunereformutvalet vårt på torsdag. Eg ser det somnaturleg at vi no har samtaler med våre nabokommuner både i vest ogaust, men det er nok prosessar som treng noko meir tid enn at vikan "kome i mål" med noko innan 30. juni. Vi må også avvente kvafolk i Stryn og Hornindal no seier om avtalane som er forhandlafram med Volda.

Uansett, seier Alfred Bjørlo,  trur eg no det blir viktig å arbeide for å sjå på fellesløysingar og nærare samarbeid i Nordfjord i åra framover. detopplever eg at det er stemning for i alle Nordfjord-kommunane.

Eidaordføraren legg til at kommunereform-prosessen så langt i så måte har vore positiv ved atdet har vore nærare kontakt mellom Nordfjord-kommunane omstrategisk utvikling enn tidlegare:

- Prosessen har på ingen måteskapt "vondt blod" mellom til dømes Eid og Stryn/Hornindal. Snarare tvert imot!