Glopparane sa i går med knapt flerital nei til kommunesamanslåing med Eid (50,8 prosent nei, 47,1 prosent ja).

- Eg er fyrst og fremstovervelda over engasjementet og oppslutninga, seier fungerande ordførar i Gloppen, Magni Aa Berge.

- Kva tenkjer du om resultatet i Gloppen?

- Det vart eit veldig jamntresultat. Om eg tenkjer tilbake nokre månader, så ville eg aldritrudd at 50% av glopparane skulle seie ja. Men dei siste vekene harmange kanskje blitt van til tanken, og det har vore signal gjennommeiningsmåling om at det kunne bli ja, og då synsest eg personleg atdet var litt irriterande at det vart så liten margin.

Tek konsekvensen

- Kva no?

- Eg vil tafleirtalet sitt syn med meg i kommunestyret, det har eg lova, og notek eg konsekvensen av det. Det er viktig at vi no tek med ossengasjementet vidare og jobbar for ein bra kommune.

- Kva tenkjer du om vegen vidare for Gloppen?

-Vegen vidare må vere å styrke alliansar slik at vi kan samarbeideom å møte utfordringar framover. Eg håpar alle som har voreengasjert no klarar å jobbe i same retning uavhengig om ein vareinige i resultatet.

Har mykje å gå på i Nordfjord

- Og utsiktene for vidare samarbeid i Nordfjord?

- Vi haddestrategisamling i Nordfjordrådet førre veke. Der var ein fråHallingdal som fortalde om korleis dei har regionalt samarbeidetter fleirkjernemodellen. Det var svært interressant. Dei er ògseks kommunar utan eit definert senter. Eg trur vi kunne få tilnoko liknande, men alle kommunane i Nordfjord har mykje å gå på nårdet gjeld tillit, respekt, vilje til å gje og ta. I Hallingdal hardei jobba i lag sidan 50-talet. Vi kan få til noko liknande, men dåmå vi jobbe med grunnleggande haldningar som at vi ikkje snakkarstygt om kvarandre, men heiar på naboen når dei får til noko bra, seier Magni Aa Berge, som legg til:

- Men trur desse prosessane når det gjeld kommunereform har gjortnoko positivt for klimaet mellom kommunane, og vi ser alle at vihar mykje å hente på å samarbeide, og at det er heilt nødvendig.