Fylkesordføraren og fylkesutvalet i Møre og Romsdal ber i eit brev til Konkurransetilsynet om at dei stoppar salet av Fjord1 til Torghatten.

I Sogn og Fjordane håper framleis fylkesordførar Jenny Følling (Sp) og fleirtalet i fylkestinget på at det vedtatte salet går i orden. Konkurransetilsynet har varsla at dei vurderer å forby salet, og skal gjere endeleg vedtak i saka innan 1. juli.

I Møre og Romsdal fryktar politikarane som Vegdirektoratet at salet skal svekkje konkurransen. Fylkesutvalet meiner ferjemarknaden har få nok aktørar som det er, med berre fire aktive reiarlag.

– Sjølv om det er fleire reiarlag i eit konsern, veit vi av erfaring at desse ikkje konkurrerer med kvarandre, skriv fylkesutvalet i brevet, ifølgje Firda.

Møre og Romsdal fylkeskommune eigde fram til 2011 minoritetsposten på 41 prosent av aksjane i ferjeselskapet, som dei da overlét til Per Sævik og reiarlaget Havilafjord. (©NPK)