Kon­sern­sje­f i Ekornes, Olav Holst-Dyrnes seier ­ut­bet­ring av den heller skrale fyl­kes­veg 60 mellom Grodås og Møre grense no blir ei endå større ut­ford­ring for Ekor­nes etter beslutninga om å leggje ned Ekornes sin fabrikk på Hareid. I dag leverer Ekornes Grodås trekomponentar til Ekornes sine fabrikkar både i Sykkylven og Hareid. Etter nedlegginga på Hareid vil all transport gå til Sykkylven.

- Den­ne ve­gen er i dårleg forfatning og den blir endå vik­ti­ga­re for oss no ettersom den vil bli brukt mykje meir. For oss blir det viktig at vegen blir utbetra, seier Holst-Dyrnes. Han vil ikkje kople ein samanheng mellom arbeidsplassar på Grodås og ny fylkesveg 60.

- Eg vil på ingen måte koble desse, men eg vil oppmode politikarane til å utbetre denne vegen, sei­er kon­sern­sje­fen.

Ekornes si avdeling på Grodås er Hornindal sin desidert største arbeidsplass med 75 årsverk.