Mange opplevde ein flott jonsokfeiring i indre Nordfjord torsdag kveld. Nokre stader vart ikkje båla tende, på grunn av stor brannfare. Men bål på trygge plassar varma og vart ein sosial møteplass for nabolag og grendelag.

Fjordingen har fått tilsendt bilde frå jonsokfeiringa på Kvamslandet i Oldedalen der oldedølene i god tradisjon feira jonsok med bål, grilling og sosialt samvær. I år dukka det og opp nokre tyskarar og nederlendarar som vart med på feiringa, fortel Bjarte Haugen.

Også på Tonningsetra vart det flott bål i eit vindstille ver. - Stilt ver og fint bål, seier fotograf Leif Vinsrygg.

Vindstille og fint bål på Tonningsetra. Foto: Leif Vinsrygg