Rådmann Ann Kristin Langeland tvilar seg fram til ei tilråding om samanslåing mellom Hornindal og Stryn.

I saksutgreiinga som går til politisk behandling er rådmannen klar på at Hornindal vil kome godt ut av det uansett kva val som vert gjort.

Ho seier arbeidet med kommunereforma har vore eit krevjande, spennande og utviklande arbeid. Rådmann Langeland seier Hornindal er i ei særstilling som er sterkt ønska både av Stryn og Volda kommunar.

-Som det har kome fram både gjennom innbyggjarhøyring og på folkemøte, så har ein stor del av innbyggjarane i Hornindal hatt ei samanslåing med både Stryn og Volda øvst på lista. Når det ikkje vart slik, må ein gjere eit val. Innbyggjarundersøkinga syner dødt løp, noko som gjer det vanskeleg å gje ei klar og tydeleg tilråding. Det er også frå rådmannen si side ønskeleg å spegle folkeviljen i tillegg til å gjere ei fagleg vurdering, seier ho i tilrådinga.

Rådmannen seier mykje talar for samanslåing både med Stryn og Volda. «Dersom ein vel Stryn har ein mange års erfaring og tradisjon å hente erfaring frå. Stryn er og offensive i høve framtida, noko som kjem Hornindal til gode. Ein opplever også at Volda er på tilbodssida i høve Hornindal. Ei samanslåing over fylkesgrensa vil vere eit modig og spenstig val. Ein vil med det i tydeleg grad utfordre dei eksisterande fylkesgrensene, noko som kan føre mykje nytt og spennande med seg», seier rådmannen. Vidare seier ho at Hornindal sine innbyggjarar vil vere godt tente med begge alternativa. Det er ikkje berre rådmannen som må tvile seg fram til dette. Med bakgrunn i uavklart situasjon knytt til regionreforma samt gode erfaringar med samarbeid i Nordfjord, innstiller rådmannen på at Hornindal slår seg saman med Stryn.

Spørsmålet om kommunesamanslåing går no til politisk behandling i Hornindal komande veke.

Det vert utvalsmøter tysdag, formannskapsmøte onsdag og endeleg avgjerd i kommunestyret torsdag.