- Kvar var du då Oddvar Brå braut staven, spurde vi før.

Heretter vert kanskje spørsmålet: - Kvar var du då Island slo England ut av EM. To utvikarar og ein hyar vil i alle fall aldri vere i tvil om kvar dei var: Dei var midt i folkehavet på Allianse Rivera Stadium og deltok i den elleville jubelen.

- Vi hadde vore på to kampar før, Portugal-Ungarn og Sveits-Polen, og trudde det ikkje kunne bli betre. Men dette toppa definitivt dei! seier Ole Vegard Hage frå Utvik, som saman med Svein Rune Kjøllesdal og Dan Sonde Solheim var på den legendariske kampen i går.

- Allereie før kampen var det kok i gatene i 30 grader varme i Nice. Det sørga festklare engelskmenn føre. Og på stadion var det ei heilt uverkeleg stemning. Der vann Island ikkje berre på bana men også supporterkampen. Dei laga eit liv på tribuna som var heilt vilt, seier Hage, som legg til at det var splitting i nordfjordtrioen om kven dei skulle halde med før kamp.

- Men på stadion fekk vi til og med overtalt Svein Rune til å leggje til side England! seier han.

No reiser trioen vidare til Marseille, der dei skal sjå den første kvartfinalen.

- Heilt vilt, seier Ole Vegard Hage, Dan Sondre Solheim og Svein Rune Kjøllesdal. Foto: Privat