"Vaktbikkja", LOs Sommerpatrulje, besøker unge tilsette i heile landet. Denne veka reiser dei rundt i Nordfjord.

LOs Sommerpatrulje reiser rundt og ser til at ungdom som er i arbeid i løpet av sommaren har gode arbeidsforhold. I går var dei på tur rundt i Vågsøy og Selje, og i dag har dei besøkt ulike arbeidsplassar i Stryn, Hornindal og Eid kommune.

- Sommerpatruljen består av frivillige medlemmer frå LO-forbunda, som reiser rundt og fortel ungdom kva dei har rett på etter lova, fortel Øyvind Møller, ungdomssekretær og ansvarlig for LOs Sommerpatrulje i Sogn og Fjordane.

- Vi spør om slikt som arbeidstid, overtidsreglar, pausar og reglar for ferie, seier Møller.

Han kan skryte av å patrulere eitt av dei betre fylka i landet.

- Sogn og Fjordane er generelt veldig bra, betre enn landsnittet, seier han.

I fjor braut om lag 20 prosent av dei Sommarpatruljen besøkte i Sogn og Fjordane reglane i Arbeidsmiljølova.

- Det er hovudsakleg mangel på arbeidskontrakter som har vore utfordringa, fortel Møller. Men det har vorte mykje betre med åra!

Det er det 31. året Sommarpatruljen er ute på vegane. I begynnelsen braut annankvar bedrift som vart besøkt lova.