Fleire lesarar frå indre Nordfjord har nok ein gong teke kontakt, om at dei har fått telefonar frå svindlarar. Dei gjev seg ut for å ringje frå selskapet Microsoft for å "hjelpe deg".

Fjordingen har tidlegare skrive om slike svindelforsøk, og den klare oppfordringa viss ein får slike telefonar er å legge på.

- Personen utgjev seg for å vere frå Windows/Microsoft og refererer til virus på pcen. Vedkommande ringjer frå tlf +47 44706731215. Ver obs, har politiet tidlegare oppfordra om.