For Stryn sin islandske fotballtrenar, Johann Sigurdsson, vart det ein heilt spesiell fotballkveld måndag då Island slo ut fotballnasjonen England 2 - 1. Islendingen og stryningen hadde teke med seg familie og vener og benka seg framfor storskjermen hjå Johans Pub og Isehaug Kafeteria i Stryn sentrum. Der fekk snaut femti tilskodarar med seg det ein trygt kan kalle eit stykke fotballhistorie.

- Utrulig

Jubelen sto i taket då det vart klart at vesle Island kom seg vidare til kvartfinalen i EM etter ein særdeles nervepirrande fotballkamp.

- Korleis er det å vere islending på ein kveld som denne?

- Utrulig! Heilt utrulig! Eg hadde aldri trudd dette, sa Sigurdsson eit snaut minutt etter at dommaren hadde blåst av kampen. Ei tåre kunne skimtast i det raude lyset frå varmelampene medan fleire gratulerte Johann med Island sin sensasjonelle siger.

- Det er bare heilt fantastisk. Eg har ikkje ord. Utrulig, seier Sigurdsson som stolt kunne kjenne på sitt opphav sjølv om han har budd i Stryn sidan 80-talet.

Skal sjå kvartfinalen på Island

Sigurdsson fortel at han snart skal til Island i lag med familien. Der skal han, i lag med fleire prosent av Reykjavik si befolkning, sjå kvartfinalen mot Frankrike på Arnarhõl, ein stor park i den islandske hovudstaden der folket møtast for å sjå EM på storskjerm.

- Det blir heilt sjukt å vere på Island under neste kamp. Eg trur diverre ikkje at dei slår Frankrike i kvartfinalen, men eg hadde heller ikkje trudd at dei skulle slå England, så alt er mogleg. Det blir vanvittig spennande å følge med, seier ein ytterst nøgd islandsk stryning.

Island møter vertsnasjonen Frankrike i kvartfinale på Stade de France sundag

Snaut 50 menneske ved Isehaug Kafeteria/Johans Pub fekk med seg at Island skreiv fotballhistorie i Nice seint måndag kveld