Stryn - Aafk2 (0 - 1)

Det var ein jamn og tett kamp med høgt tempo på graset i Stryn onsdag kveld. Det var langt mellom dei store sjansane men heimelaget Stryn er notert med dei fleste sjansane. Det var likevel bortelaget Aafk 2 som scora etter ca. 40 minutts spel.

Andre omgang begynte lik som den første med høgt tempo og mykje kriging, men dei heilt store sjansane uteblei for begge lag.

Dei siste 20 minutta var det merkbart høgare temperatur blant både spelarar og trenarar, noko dommar Asbjørn Håre fekk merke.

- Hadde ikkje marginane

Stryn pressa tungt mot slutten i det som utarta seg til rett ein spennande kamp. Men for det unge heimelaget ville ikkje ballen inn. Stryn hadde dessutan toppscorar Mads Wie ute grunna for mange gule kort.

- Vi førte kampen i stor grad. Vi hadde fortent betre, men hadde ikkje marginane i dag, kommenterte Wie etter kampen.

- Skuffa

Trenar Johann Sigurdsson var tydeleg skuffa etter det sure tapet.

- All ære til gutane for å halde trøkket igjennom kampen, men det hjelper så lite når vi ikkje klarer å ta poeng. Eg er skuffa over resultatet, sa Sigurdsson. Aafk 2 sin trenar var desto meir nøgd med å få med seg tre poeng heim frå fagre Stryn til bya.

- Planen vår var å ta tre poeng på ein kynisk måte. Dette var første kampen vår på gras, så vi er strålande nøgd, kommenterte Erling "Yttis" Ytterland.

Trenarane Johann Sigurdsson og Erling "Yttis" Ytterland ga lyd frå seg.