Fleirtalet i Hornindal kommunestyre avviste kravet om folkerøysting i spørsmålet om kommunesamanslåing.

Det vart i forkant av møtet overlevert ei underskriftsliste frå 266 innbyggjarar som kravde avgjerda utsett slik at det kunne gjennomførast ei folkerøysting, slik det har vore gjort i nabokommunane. I Hornindal har det berre vore gjennomført innbyggjarundersøking.

- Argumentasjonen mot folkerøysting har mellom anna vore at vi ikkje ville få ungdommen i tale. Kva er det som har skjedd i Stryn og Eid? Ungdomen har høgare oppslutning enn dei eldre, Sven Flo og Alfred Bjørlo er stolte av ungdommane som stiller opp. Kvifor i alle dagar trur ein at ungdommen er mindre engasjert i Hornindal enn i Stryn og Eid?, sa Elldar Engelund (Sp).

- Eg har aldri  frå denne talarstolen sagt at ungdommen ikkje er engasjerte. Det vi veit er at mange unge frå Hornindal bur andre plassar i landet, og når vi valde brukarundersøking var det for at dei som gjorde undersøkinga også skulle nå desse, sa Brynhild Lund Notøy (V), ei av dei som tok til orde for å avvise kravet om folkerøysting.

- Folkerøystingar har også sine openberre svakheiter. Både i høve til frammøteprosent og i høve til dei gruppene som erfaringsmessig røystar ved val. Dersom ein ser på frammøteprosenten rundt om så er den høgst varierande og difor kanskje meir villedande en veileande. Eg trur vi har grunnlag nok til å fatte eit vedtak i dag, sa Per Maurset (Ap), som åtvara mot bygdestrid. - Det er honndølene er flinke til å få i stand, og det tener ikkje nokon av partane i saka.

- Når alt kjem til alt må vi tenkje sjølve, så må vi meine, og så må vi stå for det vi meiner, sa Thore Heggen (H) under debatten.

Han fekk støtte av ordførar Stig Olav Lødemel, som igjen trekte fram argumenta om å skilje fornuft og følelsar.

- For min eigen del må eg seie at eg ikkje har lyst til å låse meg opp mot kva fleirtalet måtte meine i ei folkerøysting. Mange har sagt det rundt om, om det er ein eller to i overvekt så vil dei gå for fleirtalet. I denne saka er eg einig med Thore Heggen i at vi må vurdere for og imot, og det er det som må ligge til grunn for kva vi meiner er det beste. Eg føler meg ikkje komfortabel med å kaste mine argument over ripa og gå for det fleirtalet meiner, sa Lødemel.

- Eg tek dette innbyggjarinitiativet som eit teikn på at det er misnøye blant folket. Eg trur kanskje den bygdestriden som det vart åtvara mot tidlegare er her allereie. Det har vore nemnt at ein har vore redde for for lite frammøte folkerøysting. Men Hornindal er vel ikkje kjend for å ha lite frammøte på val og folkerøystingar? I store saker er det viktig at dei aller fleste blir høyrde, og at bygdefolket føler at dei er med på å uttale seg. Vi er nede på 20 prosent om har fått uttale seg i undersøkinga, det er klart det blir misnøye av det. Eg synest vi er tvungne til å lytte til bygdefolket som har valt oss inn. Då er det mykje lettare å godta ei avgjerd seinare, når alle har fått vere med og røyste, sa Rune Haugen (Sp).

Etter ein lenger debatt i kommunestyret var det berre Senterpartiet sine seks representantar som gjekk inn for folkerøysting då spørsmålet vart teke opp til røysting.

Kravet vart dermed avvist.