Politikarane i Hornindal har gjort det endelege vedtaket: Kommunen skal i 2020 slåast saman med Volda. Eit framlegg frå Eldar Engelund (Sp) om samanslåing med Stryn fall med berre Sp sine seks røyster.

Etter først å ha avvist kravet frå den framlagde underskriftslista om folkerøysting, tok kommunestyret saka om endeleg vedtak om kommunestruktur opp til handsamling.

Helse, pleie og omsorg, skule, næringsliv, samferdsle (med hovudvekt på fylkesveg 60), arbeidsgjevaravgift og offentleg tenestetilbod var mellom dei mange punkta gruppeleiarane var innom då dei presenterte sitt parti sitt syn i saka.

Representantane for Høgre (Stig Olav Lødemel, Edvin Haugen, Thore Heggen, Wenche Elvegård og Tom Øyvind Solheim), Venstre  (Brynhild Lund Notøy og Nina Benedikte Øen Lødøen),  Arbeidarpartiet (Randi Langlo, Lars Alv Haugen, Connie Steffenakk Bakke og Per Maurset) stemte for Volda, medan representanane for Senterpartiet (Eldar Engelund, Anders Hjellbakk, Rasmus Kirkhorn, Silvia Prøven Tangen, Bente Tryggestad og Rune Haugen) stemte for Stryn.

Rasmus Kirkhorn fremja på vegne av Senterpartiet eit framlegg om utsetjing til ein fekk utført ei innbyggjarundersøkjing der minimum 1/3 av innbyggjarane fekk uttale seg. Framlegget fall etter å ha fått berre Senterpartiet sine røyster.

Ordførar Stig Olav Lødemel orienterte om prosessen så langt.

Han la ikkje la skjul på at han kanskje aller helst skulle sett at Hornindal heldt fram åleine, men sa at mange omsyn gjer at det vert utfordrande å drive ei så lita kommune åleine.

- Rekruttering, sårbarheit og kapasitet er utfordringar i dag, og dei  vert ikkje mindre i framtida. Prosessen fram til i går kveld har vore ryddig. Vi må vekte for og ikkje imot. Eg gjer mine val, men gruppa står heilt fritt, sa Lødemel, som la til. - Gullalderen i Norge er over. Det vert mindre pengar å fordele. Då må ein gjere grep. Dersom det var kjenslene mine som skulle råde, så hadde eg vore komen inn til Stryn for lenge sidan. Men det er andre ting som må styre dette vedtaket. Og det blir ei vanskeleg avgjerd. Men eg trur Austefjorden, Bjørke og Hornindal vil vere eit område der vi i fellesskap kan utvikle positivt for alle partar.

- På tide at brura på 40 får gifte seg

Eldar Engelund, Senterpartiet sa at han var litt vemodig i dag.

- Uansett betyr nok dette slutten for Hornindal som kommune. Det har vore eit engasjement og ei kampvilje for bygda som har hatt svært mykje å bety. Eg vil rette ei takk til dei som stod på på 60-talet. Utan dei hadde det vore mykje i Hornindal som hadde sett annleis ut i dag.

Englund sa at han meinte å registrere at problemstillingane er dei same, anten ein er store eller små kommunar.

- Dimensjonane er annleis, men problemstillingane er akkurat dei same. Men det er ein gong slik at sjølv den mest innbarka honndalspatrioten innser at denne brura som vel er blitt 40 år må få gifte seg, same kor mykje ein prinsippielt er i mot.

- Avvist forslaga. No opp til oss å gjere eit val. Eg ser uansett ikkje noko godt grunnlag for å gjere det valet. For så vidt einig med ordføraren at vi skal argumentere for og ikkje imot. Det er gode argument for begge alternativa. Eg vil ikkje til Stryn eller Volda, men er tvinga til å gjere eit val. Då må eg velje ut frå det eg veit.  Det krev eit stort ansvar frå honndølene for å engajsere seg politisk inn i ei storkommune. Stryningane kjenner vi, på godt og vondt. Eg ønskjer ikkje å fornærme nokon, men eg trur det er større sjanse for at innbyggjarar i Hornindal krins vil engasjere seg politisk inn i framtida og kjempe for Hornindal om ein går mot Stryn. Utan at det er honndøler som engasjere seg politisk ryk både ungdomsskulen og legesenteret, sa Engelund, som la til at når det kom til stykket er det umuleg å spå om framtida.

- Kven hadde spådd at Storbritannia skulle gå ut av EU? spurde han.

- Vil heller vere ein utkant i Møre og Romsdal

Edvin Haugen (H):

- Dette er inga enkel sak. Vi  har to gode alternativ.  Men vi trur Volda er beste alternativet for oss. Det er viktig å bevare mange av dei gode tenestene vi har bygd opp i kommunen. Helsehuset, legane våre, og synspunkta deira har vore viktige i våre vurderingar. Det er også viktig å behalde ein skule i bygda, der Bjørke og Austefjorden kan vere med og styrke grunnlaget for skulen.

I høve næringsutvikling sa Haugen at dersom det rette valet for ei næringsverksemd til å etabblere seg er Hornindal , så vil ho etablere seg her, uansett om vi høyrer til Volda eller Stryn.

- Vi får håpe at vi kan bli ein del av ein større region ein gong i framtida, men vi vil heller vere ein utkant i Møre og Romsdal enn ein utkant i Hordaland og Sogn og Fjordane, avslutta Haugen.

- Ikkje mykje vi har hatt igjen

Randi Langlo (A): - Vi har klart oss godt, vi har det trygt og godt og innbyggjarane har fått dei tenestene dei har etterspurt. Men honndølene har teke inn over seg at samfunnet er i endring. Krava er skjerpa, og å gå inn i framtida som sjølvstendig kommune med ca 1200 innbyggjarar er ikkje muleg. Kvivsvegen opna ei verd av nye mulegheiter. Tidlegare har vi sagt at vi ønskte å vere ei bu-kommune. No må målet vere å bli den beste bygda i kommunen å bu i. Vi har vore ein del av Sogn og Fjordane i over 100 år, men eg kan ikkje sjå at vi har mykje å tape på å ikkje vere det i framtida. Det er ikkje så mykje vi har hatt igjen, sa Langlo, son mellom anna trekte fram fylkesveg 60:

- Medan Sogn og Fjordane flytta fv 60 nedover på lista har det i Møre og Romsdal teke ei anna vendig, sa Randi Langlo.

- Beklagar

Brynhild Lund Notøy(V): - Vi ønskjer alle å gjere eit val til beste for innbyggjarane. Men så var det denne krystallkula då, som gjer at vi ikkje veit kva som skjer i framtida. Stryn og Volda er svæart ulike. Stryn har eit sterkt privat næringsliv, medan Volda har mange offentlege arbeidsplassar. Vi har hatt mykje samarbeid med Stryn, og det har fungert svært godt. Vi har også hatt eit godt samarbeid i prosessen med kommunereforma. Resultatet er dei to avtalane vi skal ta stilling til i dag. Vi beklagar at Hornindal og Stryn har ulikt syn på kva som er best for kommunane, sa Lund Notøy, og viste til at Stryn sine innbyggjarar avviste Stryn/Hornindal/Volda-alternativet.

- Vi har hatt eit godt samarbeid med Stryn, men når vi ser framover ser vi nokre fordeler som vi ikkje får om vi går til Stryn.l

- Skuldar innbyggjarane å argumentere

Etter at gruppeleiarane hadde sagt sitt, var det eit lenger ordskifte der mange argument vart lagt fram, før det kom til ei endeleg avrøysting.

Eldar Engelund sa han tykte argumentasjonen var svak når dei andre gruppeleiarane gjorde greie for valet av Volda alt i innleiingane før debatten.

- Om de ikkje vil høyre på innbyggjarane skuldar de dei alle fall å argumentere for det valet de gjer. Å trekkje inn regiongrensene har ikkje noko føre seg. Inntil at regiongrensenne er vedtekne må vil velje om vi vil vere ei grend i Stryn eller ei grend i Volda.

- Ein har ofte vanskar for å sjå kvaliteten i argument ein ikkje er einige i. Ein skal ikkje nedvurdere argumenta frå den andre sida, sa Thore Heggen (H).

- Når kvar enkelt avsluttar innlegget sitt med å seie at "vi har bestemt oss for Volda" er valet alt teke. Då er ein ikkje open for å høyre på argument, repliserte Eldar Engelund.

- Når vi har diskutert denne saka i vårt parti, så er det ikkje alle som har vore samde om at vi skulle til Volda. Vi har full respekt for dei som meiner det, sa Brynhild Lund Notøy. - Men då vi skulle ta eit val vart det for Venstre sitt vedkomande resultatet at vi valde Volda framfor Stryn.

Senterpartiet ba om gruppemøte for å kunne kome med framlegg til røystinga.