- Dette vart vel som forventa, sa Eldar Engelund, som fremja framlegget om samanslåing med Stryn, etter at vedtaket om samanslåing med Volda var fatta.

- Eg meiner det har vore lagt alt for mykje vekt på ei regiongrense som vi ikkje bestemmer og som vi ikkje veit noko om i framtida, seier Engelund, som også seier han trur det blir vanskeleg å rekruttere engasjerte politikarar frå Hornindal til å kjempe for bygda i kommunalpolitikken.

- Kva tenkjer du no om ei framtid med Volda?

- Det første eg gjorde var å gratulere varaordføraren i Volda med vedtaket. No når vedtaket er fatta må vi sjå framover. Eg er nok mest trist for at det er slutt for Hornindal kommune. Og sjølv om engasjementet kom seint, så hadde eg eit håp om at folkemeininga skulle verte høyrt. Men for min del eg skal i alle fall sove godt i natt.

Varaordførar Fride Sortehaug takka for gratulasjonane frå Engelund.

- Velkomne til Volda. Det er ein veldig stor positivtet og stort engasjement for Hornindal i Volda, sa Sortehaug til Engelund.