1. juli gjekk fristen ut for kommunane når det gjeld å gjere vedtak om kven dei eventuelt vil slå seg saman med.

No skal eigentleg fylkesmennene ta over, og vurdere om dei vil legge opp til endringar til dømes overfor dei som står "ufrivillig åleine". Men det finst også ei mulegheit for kommunar til å kome i måle med samanslåingsprosjekt på overtid.

- Kor fast står fristen 1. juli, kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner?

- Lokalpolitikarane må ha tid til gode lokale prosessar, men vi måtte også ha ein frist for å kome i mål. Difor vart det sett ein frist for kommunane til å gjere vedtak, og denne vart sett til 1. juli. Men det er nokre som har fått utsett frist i dialog med fylkesmannen. Anten fordi dei kom i gang for seint, eller fordi dei har fått nei frå den dei eigentleg ville slå seg saman med.

- Kva med økonomiske verkemiddel då?

- Der det vert gjort vedtak i løpet av inneverande stortingsperiode, vil dei kommunane det gjeld få dei same økonomiske rammebetingelsane som dei som har fatta vedtak før 1. juli, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til Fjordingen.