Hornindal vedtok torsdag at kommunen vil så seg saman med Volda kommune.

- Korleis vert vegen vidare no, rådmann Ann-Kristin Langeland?

- Det første som skjer er at vedtaket blir sendt overtil fylkesmannen i dag. Så må vi vente på fylkesmannen si innstilling ogbehandling vidare i systemet. Fylkesmennene skal gje si innstilling1. oktober, og fram mot 1. oktober reknar vi med at vi vil ha eindialog med fylkesmannen.

Stortinget skal gjere endeleg vedtak juni2017. Før det skal fylkesmennene sitt arbeid samlast i einheilskapleg proposisjon som skal leggast fram for Stortinget. Samanslåinga vil formelt skje 1.januar 2020.

- Kva med prosessen mellom Hornindal og Volda?

- Vi vil ha samtalar med Volda om organiseringa framover. Vistartar ein forsiktig dialog neste veke på rådmannsnivå for å sjålitt på korleis «landskapet» ser ut. Parallellt vil det veresamtalar med Stryn i forhold til å avklare vegen vidare i og med atvi er eit fellesskap om mange ting, seier Langeland.

- Vi har samarbeid om ei rekkjefunksjoanr i dag, til dømes feiing, oppmåling, dagtilbod for funksjonshemma, norskopplæring m.m.Mi frykt er at vi skal kome i ein ingenmannsland-posisjon. Vi må haein god dialog også framover. Men eg har hatt samtalar med rådmennenebåde i Stryn og Volda i dag, og vi er einige om at vi skal kunne haeit konstruktivt og godt samarbeid framover i begge retningar,seier Ann-Kristin Langeland, rådmann i Hornindal .