- Det er eit trist kapittel at Hornindal har valt som dei har gjort, seier ordførar i Stryn, Sven Flo i lys av det historiske valet som nabokommuna gjorde torsdag kveld.

Landet sine kommunar har altså hatt frist til 1. juli med å fatte vedtak om frivillig samanslåing. Deretter skal alle landet sine fylkesmenn innan 1. oktober har gått igjennom resultata i sine respektive fylker og sendt desse til behandling av Regjeringa.

Kommunar som ikkje vil slå seg saman, kan risikere å bli tvangssamanslått eller bli pålagt til å samarbeide med andre.

- Kva vil det bety for Stryn at kommuna som folket i Stryn ønska seg som partnar, ikkje lenger er eit alternativ?

- Det betyr at vi i dag faktisk står ufrivillig åleine. Vi har vore i møte med fylkesmannen og diskutert ulike scenarier for korleis dette kan bli. Det er framleis altfor tidleg å seie noko om kva slags anbefalingar fylkesmannen kjem til å foreslå. Per i dag så står vi åleine og der står vi godt, seier Flo fredag.

Liten tru på tvang

- Men er det realistisk å tru at Stryn kan få stå åleine?

- Det vil eg svare eit ubetinga ja på. Stryn står stødig åleine. Vi har ein sterk struktur og ein sterk økonomi. Ingen kan argumentere for at Stryn ikkje kan stå aleine, seier Flo som har liten tru på at Stryn vil bli tvangssamanslått.

- Fylkesmannen har makt til å teikne kartet etter sitt eige hovud, men eg har liten tru på at det blir nytta tvang når det gjeld Stryn. Eg kan ikkje sjå kven vi skulle bli tvangssamanlått med. Vi er heller ikkje i ein situasjon der vi står i vegen reint geografisk for andre som vil slå seg saman, poengterar Flo.

Skal diskutere med andre kommuner i Nordfjord

Flo legg til at desse spørsmåla blir sentrale i dialog med fylkesmann og med andre kommuner i Nordfjord.

- Eg har snakka med fleire ordførarar i dag. Vi vil ha eit Nordfjordrådsmøte i haust der vil vi diskutere vegen vidare, seier Flo.

- Når kan ein vente seg meir konkrete svar på spørsmåla kring kommunereforma for Stryn?

- Ut i oktober kan det truleg ha danna seg eit bilete om ulike scenarier, men nokon konklusjon blir det neppe før på slutten av året, seier Flo.

Mindre samarbeid med Hornindal

- Korleis blir det interkommunale samarbeidet med Hornindal fram mot deira exit i 2020?

- Vi skal diskutere dette nærare med Hornindal om kva slags samarbeid vi vil bevare. Ein del samarbeid vil fasast ut, seier Flo.