Ein mann i slutten av 30-åra skal ha blitt stukken med kniv i låret, blitt slått i hovudet med balltre og trua med hagle. Vedkomande ligg på sjukehus med stikkskadar, men skal ikke vere livstruande skadd.

To personar er pågripne etter den væpna aksjonen i eit privathus i Stryn.

- Personen har stikkskadar og skal vere slått i hovudet med eit balltre. Personen skal ikkje vere livstruande skadd. To personar er pågripne, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen i Vest politidistrikt til Fjordingen.

Dei pågripne har blitt avhøyrde i løpet av helga.