Tysdag føremiddag stogga Dronning Sonja i Loen for å ete lunsj på Hotel Alexandra.

- Vi har hatt eit veldig, veldig kjekt besøk i dag, fortel hotelldirektør Richard Grov.

Han fekk plutseleg ein uventa telefon klokka kvart over 12 i dag.

- Den kongelege eskorten ringde og lurte på om dronninga kunne få kome innom om ein liten halvtime og få lunsj, seier han.

Då var det berre ein ting å gjere for personalet på hotellet: Hive seg rundt og stelle i stand.

- Det er klart slikt er veldig spennande for dei som skal servere. Vi hadde jo veldig kort tid på oss til å førebu maten, bordet og menyen, så det vart litt stress, men det gjekk fint, smiler direktøren. Det vart veldig elegant, legg han til.

- Korleis er dronninga?

- Veldig koseleg og folkeleg, seier Grov.

- Du nytta vel høvet til å fortelje om Hoven-prosjektet?

- Ja, men dronninga veit om Hoven-prosjektet frå tidlegare, seier Richard Grov med eit lurt smil.

- Du ser så lur ut?

- Vi er alltid lure i Loen, avsluttar han med glimt i auget.

- Veldig kjekt å få Dronning Sonja på lunsjbesøk, seier hotelldirektør Richard Grov. Foto: Ove Sveen (arkiv)