Stryn og Hornindal Lensmannskontor tok kontakt med Statens vegvesen etter mykje trafikkaos langs anleggsarbeidet mellom Olden og Innvik.

- Vi tok kontakt med vegvesenet fordi det vart meldt om så mykje problem i trafikken mellom Olden og Innvik, fortel lensmann Lasse Trosdahl.

Statens vegvesen styrer no dirigering av trafikken mellom 9 og 17.

- Blir det manuell dirigering kvar dag?

- Eg håpar vegvesenet blir der framover i perioden på dagen med mest trafikk, seier Trosdahl.

- Er lysregulering eit alternativ?

- Lysregulering let seg ikkje gjere i følgje vegvesenet, seier Trosdahl. Strekket er for langt til å få det til å fungere.