Strynejentene Kaja Sæbø og Kaisa Wemby er med på Gothia cup som går av stabelen i Gøteborg denne veka. Jentene spelar i lag med Jotun frå Årdal i jenter 16-klassa.

Sæbø er keeper, medan Wemby er angripar. Ho scora det første målet då laget vann 2-1 over eit svensk lag tysdag. Med ein siger, ein uavgjort og tap i siste gruppespelkamp i dag må laget til strynejentene belage seg på kamp i B-sluttspelet torsdag. - Laget var eitt fattig mål frå A-sluttspelet, så akkurat det var litt surt seier Kari-Ann Kaspersen, mor til Kaisa. Dei satsar likevel på å kome langt i B-sluttspelet.