Det norske laget gjekk til topps i ettermiddagens laghopping i Summer Grand-Prix i polske Wisla.

På det norske laget hoppa Johann Andre Forfang, Tom Hilde, Joachim Hauer og Anders Fannemel. Honndølen har vist god form sidan han kom til Wisla, og stadfesta det i lagkonkurransen, der sigeren skulle avgjerast med ein duell mellom Fannemel og slovenske Peter Prevc.

Slovenia hadde ei knapp leiing, men Fannemel sikra den norske sigeren med eit kjempehopp på 134 m.

- Det var veldig spennande i dag. Før andrehoppet håpa eg berre at eg skulle klare fleire poeng enn Peter (Prevc). Alle hoppa mine her har vore bra så langt, så eg prøvde å gjere det same i siste runden. No håpar eg at eg kan halde same nivå også i den individuelle konkurransen i morgon, slik at eg kan vere med og kjempe om sigeren, sa Anders Fannemel til arrangøren etter lagkonkurransen.

Dette var den einaste lagkonkurransen i årets Summer GP.

1.Norge910.2
2.Slovenia901.2
3.Tyskland878.3
4.Austerrike862.8
5.Tsjekkia847.8
6.Polen831.8
7.Japan784.5
8.Sveits749.7
9.Finland337.8
10.Kasakhstan222
Ein godt nøgd Anders Fannemel kan konstatere at ting fungerer i hoppbakken for tida. Foto: Tadeusz Mieczynski